Bonderomantikk

bookmark

Bygdelitteratur på 2000-talet

onsdag 20. januar 2010, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Heilt sidan Bjørnstjerne Bjørnsons bondeforteljingar har bygda vore sentrum i mykje norsk litteratur. Og sjølv om solsida til Synnøve Solbakken etter kvart skleid over i skitenrealisme og ironisk distanse til heimstaden, er det i dag fleire unge forfattarar som igjen retter blikket mot bygdeidyllen. Er bonderomantikken på veg tilbake?

«En roman som lukter av gran og sau og bløtkake», sa folkejuryen til NRK då Sigmund Løvåsens debutroman Nyryddinga vann P2s romanpris i 2003. Gjennom ein tiårings draum om å drive farsgarden skildrar Løvåsen ein idyllisk bygderøyndom. Idyll er også stikkord i Bjarte Samuelsens roman frå i fjor. I Tang får hovudpersonen eit postkort med invitasjon til å ta del i «omhugstralten» på ei øy utanfor Bergen. I motsetning til den regnfylte og stressande byen lever menneska i Bygde-Noreg sunt, avslappa og lukkeleg – eller gjer dei det?

Møt dei begge på denne bygdelagskvelden midt i hovudstaden i samtale med forfattar og journalist Agnes Ravatn. Vi varmar opp med opplesing frå Ramstein pensionat av systrene Guri og Sigrid Sørumgård Botheim som debuterte saman i fjor med ein roman om einsemd, kjekke menn og vestlandsk bygdeliv. Fordi «unge, nynorskskrivende kvinner er den nye rocken», ifølge avisa Dagens Næringsliv.

Ingen arrangement