Den lille helten

bookmark

Med Nina Elisabeth Grøntvedt

lørdag 27. februar 2010, kl. 13:00

Sal: Sjeherasad

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Karin vil gjerne leike med storesyster si, Nina, og venninna hennar. Dei synest ho er altfor lita. Men når dei må gjere noko verkeleg farleg, er det berre Karin som tør. Nina Elisabeth Grøntvedt har skrive og illustrert to nesten sanne bøker om seg sjølv og systera Karin. Ho les boka Den lille helten og kattekidnapperen høgt på Litteraturhuset. Og kva er eigentleg det beste med å ha sysken? Barna fortel, og Nina teiknar.

Passar best for barn frå fire år.

Ingen arrangement