Forfattar, prest og revolusjonær

bookmark

Ernesto Cardenal møter Kjartan Fløgstad

onsdag 24. september 2008, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Ernesto Cardenal (f. 1925) er ein av Latin-Amerikas store frigjeringsdiktarar. Som ung i Nicaragua kjempa han mot diktaturet og kom i fengsel. Etter ein periode i eksil i USA, kom Cardenal tilbake til heimlandet og sat som kulturminister i Sandinistregjeringa fram til 1987. På midten av 90-talet braut han med Sandinistane, som han meinte var blitt for autoritære.
Det politiske engasjementet og den religiøse trua kom tidleg til syne hos Cardenal. I dei første dikta sine kritiserte han den imperialistiske påverknaden USA hadde på Mellom-Amerika. Han låner óg ofte bibelske motiv, mellom anna i diktsamlinga Salmos (1967) som i form og innhald minnar om gammaltestamentlege salmar. Cardenal er ein av dei som har tala sterkast om naud og håp for dei undertrykte i Latin-Amerika. Korleis ser han på kontinentet i dag? Møt Cardenal i samtale med Kjartan Fløgstad og journalist Sigrun Slapgard. 

Singelkuttet: Inger Elisabeth Hansen

Ingen arrangement