Historiske romaner, film og frankofoni

bookmark

Eit møte med Philippe Claudel

torsdag 26. mars 2009, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Philippe Claudel slo for seks år sida gjennom i heile Europa med romanen Grå sjeler, som vann både Prix
Renaudot og den franske bokhandlarprisen. No er han tilbake med romanen Brodecks rapport, som nett som den føregåande nyttar fransk historie som bakteppe. Forfatteren har flytta seg frå fyrste til andre verdskrigen, men framleis handlar det om dulgte hendingar og menneskeleg veikskap. 

Ved sida av sitt virke som universitetsprofessor og forfattar, er Philippe Claudel no óg blitt regissør. Avisa The Guardian sin meldar skreiv dette om debuten Il y a longtemps que je t’aime («Eg har elska deg så lenge»): «Kristin Scott Thomas’ performance (is) easily the best of her career (…) deeply involving, beautifully acted and expertly constructed human drama by and for grown-ups.» Møt Philippe Claudel i samtale med Kjerstin Aukrust, universitetsstipendiat i fransk. Etterpå vert det førpremiere på filmen, som kjem på kino i Norge seinare i år.

Filmvisningen starter kl. 21.00.

Ingen arrangement