Kjartan Fløgstad

bookmark

Sauda, Noreg, verda

onsdag 3. februar 2010, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Lenge før nokon snakka om globalisering, skreiv Kjartan Fløgstad romanar om det. Lenge før kulturkampen og Frp skreiv han om elitens forakt for folkekulturen. I den seinaste boka si, Grense Jakobselv, spør han om humanisme og danning kan berga deg frå noko som helst. Svaret han gir, er nei. I førti år har Kjartan Fløgstad vore ein av Noregs viktigaste forfattarar. Me vil bruka denne kvelden til å setja fokus på forfattarskapen hans. Kva går igjen i dei førti åra? Kva er Kjartan Fløgstads tema? Korleis ser han verda?

Kritikar Tom Egil Hverven vil freista å svare på nokre av desse spørsmåla og til å setja litteraturen til Fløgstad i perspektiv. Så stiller forfattaren sjølv til samtale med Aslak Sira Myhre, og om me er heldige, les han noko for oss til slutt.

Ingen arrangement