Litterær salong

bookmark

Med Brit Bildøen og Agnes Ravatn

søndag 8. mars 2009, kl. 14:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

I spalta God bok i Klassekampen har Brit Bildøen i årevis trekt fram personlege litterære favorittar, kjende som ukjende. No har ho vald ti kvinnelege forfattarskap til boka Litterær salong. Her kan du få innblikk i så ulike figurar som Gertrude Stein, Jean Rhys, Elfriede Jelinek og Halldis Moren Vesaas. 

Agnes Ravatn har på same tid underheldt Dag og Tids lesarar med sideblikk og underfundige observasjonar i sine essay. No kjem også ho i bokform, og lovar sivilisasjonskritikk på lågt nivå i sin bok Stillstand. Møt dei begge i samtale med Hege Duckert på denne feiringa av kvinnedagen på Litteraturhuset.

Ingen arrangement