Liv på lørdag

bookmark

Jentefest for gutar og jenter

lørdag 8. mars 2008, kl. 12:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

2-4 år: 12.00
5-8 år: 13.00

Åttande mars er det kvinnedag, og på Litteraturhuset har vi jentefest for gutar og jenter. Det finst så mange ulike jenter. Små jenter, store jenter, snille, slemme, pene og stygge jenter. Jenter som berre spring. Jenter som berre sit stille og teiknar. Jenter som liker hestar. Jenter som bråkar. Alle dei skal vi snakke om. Dette er andre runde med «Liv på Lørdag», Litteraturhuset sitt dobbeltshow for barn. Først lagar vi show for dei mellom to og fire, så for dei mellom fem og åtte. Denne gongen får Liv Gulbrandsen også besøk av Vera Micaelsen, som mellom anna er kjend frå barne-tv. På showet for dei yngste lagar Liv og Vera forteljingar saman, og så viser dei triks. På showet for dei eldste fortel Vera om dei jentene ho liker best i litteraturen og i verda elles.

Ingen arrangement