Liv på lørdag

bookmark

1000 ting å vere redd for

lørdag 9. februar 2008, kl. 12:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

2-4 år: 12.00
5-8 år: 13.00

Å vere aleine utan mamma og pappa, bilar, rare lydar, menn med mørk stemme, dyr som kan bite. Det er mykje å vere redd for. Minst 1000 ting. Denne laurdagen tenkjer vi på alt det som gjer oss redde. Men det blir ikkje så skummelt likevel. Reidar Kjelsen har både skrive mange bøker og teikna teikningar til mange bøker. I tillegg er han ekspert både på skumle monstra og skumle høner. Dessutan er han glad i å bite damer i leggen. Han kjem til Liv på lørdag for å teikne monstre på direkten og ellers fortelje om alt han veit om ting å vere redd for. 

Dette er fyrste gong Litteraturhuset presenterer «Liv på Lørdag» med Liv Gulbrandsen. «Liv på lørdag» er eit dobbeltarrangement der vi fyrst lagar show for dei mellom to og fire år, og så for dei mellom fem og åtte. Liv Gulbrandsen legg sjølv opp løpet for showa, og hevdar at ho mellom anna kjem til å fortelje gamle segn (som ho har funne på sjølv), gjere triks og lese frå dei beste bøkene som er laga på jorda.

Ingen arrangement