Mellom istideneFoto: Per Jordhøy

Mellom istidene

bookmark

eit seminar om Europas siste villrein

tirsdag 21. februar 2023, kl. 10:30 til kl. 15:30

Sal: Wergeland

Arrangør: Bevar Dovrefjell Mellom Istidene

Inngang: Påmelding 50,-/250,-

Påmelding

Påmelding seinast 15. februar: Merk betaling «Villrein 2023» til konto 9365.19.94142 eller Vipps #551769.
Ordinær m/ lunsj og kaffe: 250 ,-
Ordinær u/lunsj og kaffe: 50 ,-

I 2021 kom villreinen på Artsdatabankens raudliste. Kva skal til for at arten overlever? Målet med seminaret er kunnskapsutveksling om villreinen i den norske fjellheimen.

Europas siste villrein

Nesten all den gjenlevande europeiske villreinen held til i sørnorske fjellområde. Noreg har difor eit internasjonalt ansvar for å ta vare på arten. Regjeringa har vedteke at det skal lagast ei stortingsmelding om villreinen. Klima- og miljøminister Espen Barth Eide meiner at det er «eit stort behov for å betre tilhøva for villreinen i Noreg. Det er naudsynt for å sikre at arten overlever.» Det har vore bygd mykje kunnskap om villreinen sidan årtusenskiftet. Leveområda blir likevel stadig forringa gjennom nedbygging og forstyrrande aktivitetar. Målet er å snu denne urovekkjande trenden.

Om arrangøren

Føremålet med foreininga Bevar Dovrefjell Mellom Istidene (BDMI) er å arbeide for å bevara og å reetablere eit intakt økosystem på Dovrefjell. Foreininga legg til rette for samarbeid, bidreg med informasjonsarbeid og deltek i prosessar knytt til utnyttinga og forvaltinga av Dovrefjell. Foreininga vart etablert i 2008.

Bevar Dovrefjell Mellom Istidene saksøkte staten for brot på naturmangfaldslova da Miljøverndepartementet godkjente utbygginga av turisthytta Snøheim i 2010. Foreininga tapte saka. Svein og Yngvild Sæter viser i boka Kampen om Dovrefjell at Miljøverndepartementet opptredde uryddig og partisk – og at utbyggingsløyvet berre vart gjeve av politiske omsyn. Klare faglege tilrådingar om å skjerme området av villreinomsyn vart ikkje vektlagt.

Program

Kl. 10.45 | Opning ved Hans Erik Wold, leiar i Bevar Dovrefjell Mellom Istidene.

Kl. 11.00 | Guri Sørumgård Botheim les frå diktsamlinga Heime mellom istidene.

Kl. 11.05 | Svein Sæter: 12 000 års samliv med villreinen. Innleiing ved forfattaren av boka Kampen om Dovrefjell. Europas siste intakte høgfjellsøkosystem.

Kl. 11.45 | Forskar Hans Olav Bråtå: om forval- tinga av villreinen og villreinens ressurssystem i Rondane – sett i eit arealperspektiv med makt og kunnskap som innfallsvinklar.

Kl. 12.30–13.30 | Lunsj

Kl. 13.30 | Guri Sørumgård Botheim les frå den komande romanen Høgfjellsmeldinga.

Kl. 13.35 | Sverre Løvaas: om Snøheimsaka. Utbygginga av Snøheim, ei turisthotell-liknande hytte, var eit stort inngrep i nasjonalparken og til skade for villreinens trekkmønster og leveområde. Etableringa skjedde på reint politisk grunnlag og under utøving av «vald» på eksisterande vernereglar.

Kl. 14.10 | Per Jordhøy presenterer forsking om villreinen og viser filmen «Villrein & samfunn», ein film som prøver å lyfte kunnskapen «frå menigheit til samfunn». Fragmentering av leveområda er i dag ein stor trussel for villreinen. Kva er dei lange linene og kva kan vi lære av fortida? Fangstkulturen gjev oss nyttig kunnskap om korleis villreinen og menneska har brukt areala i tidlegare tider.

Kl. 15.30 | Slutt

 

Om bidragsytarane

Guri Sørumgård Botheim kjem frå Lesja, ho er forfattar og rådgjevar i Norsk Forfattersentrum. Diktsamlinga Heime mellom istidene (2016) undersøkjer kva det vil seia å kjenne seg heime og inneheld ei rekkje fjelldikt. Romanen Høgfjellsmeldinga, som kjem ut i mars 2023, utspelar seg på Hjerkinn. Hovudpersonen får i oppdrag å skrive ein NOU-rapport om villreinen og fjellet si etiske stemme.

Mellom istidene 1

Foto: Benedikte Skarvik

Svein Sæter er forfattar og journalist. Mange av bøkene hans har tema frå natur og historie. Han har ferdast i Dovrefjell og Sunndalsfjella sia barndommen, og har skrive mykje om denne store fjellheimen i aviser, tidsskrift og bøker. Sist haust gav han ut boka Kampen om Dovrefjell. Europas siste intakte høgfjellsøkosystem, i samarbeid med dottera Yngvild Sæter. I boka viser dei fram unike naturverdiar, som villreinen, og kva som truar desse verdiane.

Mellom istidene 2

Hans Olav Bråtå er forskar ved Østlandsforskning, Høgskulen i Innlandet. Han er dr.scient. i ressurs- og landskapsgeografi frå Universitetet i Oslo. Bråtås doktoravhandling tek for seg opprettinga av Rondane nasjonalpark og er ein samfunnsvitskapleg analyse av forvaltinga av villreinen og areala i Rondane frå slutten av 1800-tallet til 2000. Bråtå var forskar ved Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) i åra 1988–2001. I seinare år har forskinga hans omfatta studiar av forvalting av villrein og fellesressursar, kommunal- og regionalplanlegging, naturforvalting, mat- og ølhistorie og innovasjonar.

Mellom istidene 3

Sverre Løvaas er pensjonert advokat og juridisk rådgjevar for Bevar Dovrefjell Mellom Istidene (BDMI). Han har tidlegare vore styremedlem i foreininga. Løvaas er frå Sunndal og bur for tida i Trondheim.

Mellom istidene 4

Per Jordhøy er forfattar, rådgjevar, kåsør og naturfotograf frå Lesja, busett på Linesøya. Jordhøy har skrive ei rekkje sakprosabøker og over 200 fagrapportar og artiklar innan emnet natur og kulturhistorie. Han arbeidde i Norsk institutt for naturforsking i åra 1987–2018, innan fagområdet høgfjellsøkologi, med villrein som spesialfelt. Jordhøy har studert den gamle fangstkulturen i Dovrefjell, Rondane og Reinheimen, og skrive det faglege grunnlaget for verdsarvsøknaden «Den gamle villreinfangsten».

Mellom istidene 5

Ingen arrangement