Kvit, norsk mann. Forfattermøte med Brynjulf Jung Tjønn 1Foto: Maria Kleppe Vihovde/Cappelen Damm
Skolebesøk

Kvit, norsk mann. Forfattermøte med Brynjulf Jung Tjønn

bookmark

For VGS

onsdag 27. september 2023, kl. 09:30

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis for påmeldte skoleklasser. Påmeldingslenke i infotekst.

Kvit, norsk mann er ei samling vonde og kloke – men tidvis også morosame – dikt om norsk oppvekst og norsk rasisme.

Korleis er det for eit adoptivbarn å kome til Norge som ei reserveløysing, eit gjenbruksbarn som blir odelsgut? Det hadde vore enklare om han var kvit, norsk mann. Då ville ikkje born ropt ching-chong-kinamann etter han. Eller folk lurt på kor han eigentleg kjem frå.

Det blir framsyningar tysdag 26. og onsdag 27. september kl. 9.30, 10.45 og 12.00.
Kvar framsyning varer om lag 45 minutt.

Gratis for påmelde skuleklassar via denne lenka.

For meir informasjon eller spørsmål, send e-post til skole@litteraturhuset.no

Skulebesøka er støtta av Sparebankstiftelsen.

  • 20. april 2024 close