Uriks på Litteraturhuset: Kongo

bookmark

Lieve Joris møter Bjørn Hansen

torsdag 11. juni 2009, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Krigen i Kongo har vart i ti år og blir no omtala som «Afrikas verdskrig» grunna tapstala – dei største nokon stad sidan den andre verdskrigen. Lidingane er vanskelege å fatta, ein million menneske er på flukt i eige land, og konfliktlinene er uoversynlege. Valdtekt, eller «kvinnemord» – eit omgrep hjelpeorganisasjonar har teke i bruk for å gjera tydeleg kor omfattande fysiske overgrep det her er tale om –, blir brukt som militært verkemiddel i stor stil. Då opprørsleiaren Laurent Nkunda vart arrestert i nabolandet Rwanda i januar i år, augna nokon håp om fredeleg utvikling, medan andre frykta ytterlegare oppsplitting.

Ein som kanskje kan gje oss svar på kva som skjer i Kongo, er den belgiske reiseskildraren Lieve Joris. Ho har skrive fleire bøker frå området og er no aktuell på norsk med boka Leopardenes dans, som handlar om tida etter Laurent-Desiré Kabilas kupp mot diktatoren Mobutu Sese Seko i 1997. Ho møter Bjørn Hansen, NRKs pensjonerte Urix-general.

Ingen arrangement